lørdag 5. september 2009

Heima ein laurdags ettermiddag

HALLA

I skrivande stund sit eg heima, det er laurdag og om mindre om eit døger reisar eg tilbake til KVS-Lyngdal. Eg gler meg. Sjølv om det er fint å komma heim ein gong i blandt må eg sei at eg saknar internatlivet allereie.

Denne helga var den første eg har vore heime etter skulestart for tre veker sida, og mest sannsynlig er det den einaste helga eg tar turen heim før haustferien i uke 40. UHELDIGVIS er haustferien ei veke tidlegare enn kva den er for alle som går på skule i Rogaland. Det er smerte. Pain.

For dei som ikkje har fått det med seg, går eg idrett, rettare sagt toppidrett volleyball. Så kvar veke har eg 6 skuletimar med volleyball, utanom volleyballtrening og privat initativ. Volleyball er kult. Men eg gler meg likevell veldig mykje til neste år - for då skal eg gå på ekstremsport/friluftsliv linja.

Eg har ikkje fått tatt veldig mykje bilete frå KVS ennå. Men alt til si tid. Eg trur eg skal lasta opp nokre bilete neste naturfagtime.

Hygg deg.

0 kommentarer:


Free Blogger Templates by Isnaini Dot Com and Home Improvement. Powered by Blogger