fredag 25. september 2009

Eit foredrag på nynorsk utan kunstige aromastoff sidan 1886


Inkje veit eg om du les. Men eg veit eg skriv. Eg har lurt på det. Om bloggarar skriv kun for andre sin del, eller skriv dei for sin egen del. Kanskje dei gjer det for å fylle kvardagen med noko. Kanskje fordi dei tror dei er så mykje betre enn andre. Min teori er at bloggarar ikkje har så mykje å gjere på. Derfor sett dei seg ned og skriv mange ord om korleis dei har det, og kvifor dei har det slik.

Rart det der eg nettopp skreiv. Det har ikkje noko meining. Eg hadde ikkje tenkt å skrive det. Pleier ein bloggar å planlegge det han skriv? Eg burde kanskje slutte å skrive blogg. Og heller bare laste opp bilete som eg liker. Bileter som eg ofte har tatt. Eller bilete eg har funne på google.

Eg for min del er ein smule lei av blogg. Eigentleg er eg ikkje så lei, men eg gidd aldri setje av tid til å skrive blogg. Eg gjer det kun i stunder som denne. Ei stund som denne i skrivende stund er eit tungt hovud, med 3 timar svevn sist natt på rullebladet. Tenk at det er i ei stund som denne eg sett meg ned for å skrive. Det er ikkje rart eg har slutta å lese bloggen min. Andre tilfeller er når eg tar rolege kveldar heime i stova, eller når eg har vore så lenge på datamaskinen at eg er lei av facebookstatusar og formtrening på xperteleven. Men det har ikkje vore så ofte det har skjedd i det siste, for eg fått så mange nye vener på facebook. Så då har eg mange nye statusar til å lese på.

Eg har eigentleg lyst til å blogga. Lyst til å skriva noko ein gong i blandt. Men det bler så lite av. Eg spelar for mykje spel på internett i timane på skulen. Eg burde skrive meir blogg i timane på skulen. Rett og slett bruke tida til noko som kanskje er til underhaldning for andre trøyte blikk ein trippel mattetime ein mandags føremiddag.

No høyrer eg på det nye Muse-albumet, The Resistance. Eg skal på ein av konsertane på turneen The Resistance Tour. Eg gler meg, og er meget nøgd med det nye albumet til Muse. Eg likar lyden av det. Lyden som kjem ut av veggbrølarane i Kossheadsettet i øyrene mine. I den eine sangen syng dei:
They will not force us,
They will stop degrading us,
They will not control us,
We will be victorious.

Ikkje veit eg.
Ein dag skal eg laste opp nokre gode bilete frå helga Knut og Ole Jakob var på besøk på KVS. Ein dag.

0 kommentarer:


Free Blogger Templates by Isnaini Dot Com and Home Improvement. Powered by Blogger