Xpert eleven er eit managerspel på internet, kor ein kan lage ligaer, inviterer vener og klassekamerater og andre bekjente til å spele i eit ligasystem. Eg har spelt dette managerspelet i lengre tid, og er manager i 4 forskjellige lag. Eg har faktisk vore blandt dei 30 beste managerane i Noreg, og litt over 1000 norske speler dette spelet, og ein 35.000 globalt.
I dag øydela dette spelet dagen min. Eg hadde to viktige kampar, kor den eine avgjorde eit seriegull. Den andre kampen var òg viktig. Eg tapa begge kampane, fordi eg hadde gløymt å setje opp taktikk og lagoppstilling. På begge laga. Etter dette har eg hatt eit jamnt over dårleg humør. No er eg skikkelig trøyt.
Eit lys på denne ellers grå dagen, er seksaren eg fekk i munnlig eksamen. Men det var før tapa på Xpert eleven. Derfor kan det vel ikkje kallast eit lys.......
I mårå stikk eg til sjøs, og vonar at eg held meg der i minst to døger. Sommaren er i anmarsj.
torsdag 11. juni 2009
ser el mejor es un desafío
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar