Torsdag 30. april - Laurdag 2. mai.
Ja, eg bruke store bokstavar. Eg har vore på tur, ser du. Og den turen var så bra at eg ska ikkje bare skriva store bokstavar når det passe, eg skal òg testa nynorsken. Eg og Bjarte har vore på tur te Buksatjødna, og overnatta to netter. Love deg.
Buksatjødna, for dei som ikkje veit, ligg om lag 1 km frå siste stigning opp på Moslivarden, og Moslivarden ligge 8 km frå Preikestolhytta. Då er det vel liten tvil om kor me har vore? Turen starta torsdag ettermiddag, faktisk så begynte me ikkje gå mot målet før i 1730 tida. Men, spreke som me er, småjogga me inn mot Buksatjødna med relativt tunge sekkar, rundt 15 kg. Itte eit stykke fant me ut at me var eit godt stykke av stien. Såpass mykje at me måtte klatra, rett opp på Moslifjellet, og med såpass tunge sekkar, blei det faktisk nesten sirkus ut av det.
Etter ein times klatring i ingenmannsland, begynte me igjen å peila oss mot målet.
Ein liten time seinare, var me framme. Lavoen blei satt opp, og me var klare for to netter med fisking, chill-i-teltet.no, stormkjøkken og andre diverse småknask.For å gå litt raskt fram så var dei ei fin natt, og neste dag gjekk me opp på Moslifjellet, heilt til Moslivarden, men uten sekkar. Heldigvis.
Resten av fredag var heilt etter oppskrifta, og fisking(utan lykke), chill ved stormkjøkkenet og ein høneblund ved vatnet var viktige, spesielt blunden va uten sidestykke. Seriøst. Fredagskvelden var skjelden fin, men når dei blei mørkt var det tid for lavo.
Natt til i dag, eller natt til laurdag var heilt sjukt. Det regna i mange timar i strekk, og med regn piskande på ein lysegrøn lavo, går det ikkje stilt for seg. Og inne i den lysegrøne lavoen, ligg Bjarte og Håkon og høyrer på regn som slår tett i tett, som faste trommeslag med stødig hånd. Det blei ikkje for mykje svevn, for å sei det sånn..
Eg kjenne du ikkje gidde å lesa meir, så eg hoppe til det viktiga, nemleg bildene og denne sangteksten:
No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.
Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song!
Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong,
då me med vigsla tunga, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunga skal lova Herren vår.
ikkje heilt prikkfri nynorsk, å bler sikker lenge te neste store bokstav. forresten så anbefale eg å trykka på bildene, for økt hygge.
2 kommentarer:
Takk for turen. Eg er som deg, meget nøgd med turen. Men det er ein siste feil, eg såv heller ikkje mykje i løpet av den siste natta.
Bjarte Nessa, nøgd turgåar.
orsak
Legg inn en kommentar